- din frisør på Sande

   

 

 

GRØN SALONG

 

 

Kom og opplev den gode atmosfæren i salongen til DorisFrisør. Her kan du slappe av i ein behageleg stressless, med ein god hårkur og herleg hodebunnsmassasje. Vi lovar ei oppleving utanom det vanlege.

 

Doris Frisør er den første grøne salongen i Sogn og Fjordane.

 

Kvifor økologisk?

Dei fleste av oss startar dagen i dusjen med såpevask, sjampo og kanskje balsam. Deretter vert det ein runde med krem og sminke eller barbering og aftershave. Dermed har du truleg utsett deg for mellom 50 og 100 oppgåvepliktige kjemikaliar -

... og det før du har forlete badet.

 

Fleire av kjemikaliane som er brukt i kosmetikk, står på advarselslistene til norske og europeiske helse- og miljømyndigheiter. Mat og kosmetikkprodukt kan innehalde tilsetningstoff vi i dag ikkje veit langtidsverknaden av.


DIFOR anbefalar vi at du nyttar økologisk der du kan. - for deg, dine næraste og miljøet:)  Dette valet har vi teke.

 

Grøne frisørar
Grønn Frisør er ein slags sertifisering med strenge retningslinjer mht. helse og miljø. Det er Fagforbundet og Frisørenes Fagforbund som har utvikla dette konseptet som skal vere eit allergifritt og eit mer miljøvenleg alternativ for frisørar. I grøne salongar skal det tilbydast behandlingar der produkta som nyttast er fri for følgjande kjemiske stoff:

• Formaldehyd og formaldehydfrigjerarar
• Hydroquinone
• Stoff med aminophenol
• P-phenylenediamine eller PPD eller paraphenylenediamine
• Toluene-2,5-diamine sulphate
• Toluene-2,5-diamine
• Methylchloroisothiazolinone
• Methylisothiazolinone
• Stoff med resorcinol
• 1-naphthol
• Alle parabenar


Salongane skal også følgje ei liste med skjerpa krav i høve til arbeidsmiljø og miljøomsyn. Grøne frisørsalongar skal halde ein god miljøprofil i høve til avfallshandtering, samt bruk av vatn og andre miljøomsyn. Frisørar som arbeidar på grøne salongar skal vere bevisste i sitt arbeid – kva skader enkelte produkt kan forårsake og gi råd og informasjon til sine kundar. Grøn Frisør er eit sunnare alternativ for kunde, frisør og miljø. Sjå etter «Grøn Frisør» logoen! Du finn den hjå Doris Frisør!

Med venleg helsing Doris H. Takvam

 

 

..Tlf 577 17 200..

    

 

 

 

 

 

 

 

 

DorisFrisør nyttar berre grøne produkt, basert på økologiske planteingrediensar.